fredag 26. oktober 2012

REFLEKSJON KRING ARBEIDET MED BRUK AV BLOGG.
Dagens elevar i vidaregåande skule er digitale, og har lita erfaring med å bruke litteratur i bokform som oppslagsverk. Dette må vi som lærarar ta inn over oss og legge meir av vår undervising til rette for å møte elevane på deira vilkår. Gjennom forelesinga om bruk av bloggverktyet som læringsarena, ser eg at dette er ein mogeleg veg å gå, men det er eit grunnarbeid å gjere med å få laga gode og pedagogiske visuelle framstillingar basert på tilgjengeleg materiale innafor ein del av yrkesfaga.

Eg har nytta ein film frå 1941 som utgangspunkt for læringsøkta. Filmen er gamal, og vart brukt i opplæringa av mekanikarar til krigsindustrien i USA etter at dei kom med i 2.verdskrigen. Den tekniske utviklinga har endra det maskinelle utstyret, men grunnfunksjonane i sjølve arbeidet er dei samme. Nettopp på grunn av det nytta utstyret er denne filmen mykje meir instruktiv enn om ein skulle ha brukt ei moderne maskin som er så innebygd og utstyrt med tryggleiksanordningar at det hadde vore uråd å få fram dei samme poenga som det filmen så godt viser.

Gjennom tilbakemeldingar som har kome frå lærebedrifter har det vore mange som har kommentert at elevane har gode engelskkunnskapar, men at dei manglar grunnleggjande teknisk ordforråd. Sidan mange av våre elevar innafor mekaniske fag gjerne hamnar innan maritime fag, både på sjø og landsida, er dette eit problem då det er mange bedrifter som har engelsk som arbeidsspråk. Dette har endra seg spesielt på landbaserte anlegg dei siste åra då arbeidsinnvandringa har medført ein mykje meir international arbeidsstokk. At ein då kan lage tverrfaglege læringsøkter som dette, kan være med å gi elevane både eit fagleg grunnlag og kan kanskje være til inspirasjon til å jobbe meir med nettopp dei "mindre populære" allmenfaga.

Å skulle gå frå ein skule der læreboka er grunnstammen til å nytte digitale medier i undervisinga stiller ein over nye problem. Eit av dei er opphavrett til det materiale som vert brukt. Eit anna er personvernet og fara for utilsikta publisering av følsame opplysningar. Otnes (2009) tek i kapittel 1 opp dette i boka "Å være digital i alle fag". Her peikar ho på at konstruktiv kjeldebruk og plagiat ligg side om side, og overgangen er glidande. Det eine er lovleg, det andre ikkje. Grensegangen her er vanskeleg, og det krev at vi som lærarar er medvitne om dette både til eige bruk, og samstundes har eit godt undervisingsopplegg for elevane i nettopp kjeldbruk og kjeldekritikk. Ein anna ting er at vi som lærarar samstundes må kontrollere at desse "køyrereglane" om kjeldebruk vert overhaldne. Otnes refererer samstundes til den svenske forskaren Rask som råder til at ein skal la elevane publisere digitalt for at elevane då vil skjerpe seg m.o.t. kjeldebruk, og at eventuell kopiering og plagiering lettare vert avslørd.

Om ein vel å publisere tekstane, så må ein ta omsyn til kva personlege opplysningar som vert gjort kjende for det digitale samfunnet. Når ein ser meldingane i media om auken i identitetstjuveri, er det klart at ein her har ei utfordring. Men dette gjeld ikkje berre blogg, men alle digitale og sosiale medier ein knyter seg opp til. Otnes (2009) brukar ordet "nettikette" som ei samanfatting av både åtferdsreglar, høfligheit og juridiske og etiske aspekt på nettet. Ein anna ting er at det ein har publisert på nett også vil leve vidare i andre samanhenger enn det opprinneleg var tenkt til. Kva og korleis dette vil bli brukt i framtida, veit vi ingenting om. Det er og eit aspekt ein må ta høgde for når ein går til det skrittet å bruke blogg som læringsarena og let elevane bruke blogga til eventuelle kommentarar/svar på oppgåver.


I utforminga av dette refleksjonsdokumentet har eg nytta eigne erfaringar frå undervisinga mi, førelesingsnotat frå IT 307 Webtenester og Kapittel 1 frå boka "Å være digital i alle fag", Universitetsforlaget 2009, forfattarar Hildegunn Otnes m.fl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar