mandag 22. oktober 2012

Første oppgåve er å lage ei undervisingsøkt der ein brukar blogg som eit sentralt læringsverkty for elevane. Dei neste dagane vil det dukke opp både videoklipp og arbeidsoppgåver i tilknyting til videofilmen som elevane skal arbeide med.

Denne opplæringsøkta skal setje eleven i stand til å ta i bruk ein dreiebenk i verkstaden. Det vert lagt vekt på trygg handsaming av eit roterande maskineri, og rett innstilling av relevante ting som turtal, dreiestål, fastspenning av arbeidsstykket, bruk av personleg verneutstyr, trygg måling av arbeidsstykket.
I mangel av nyare og betre filmmateriale, vel eg å bruke ein amerikanske film. Filmen er frå 1941, men dei grunnleggjande arbeidsoperasjonane er framleis like aktuelle.

Å TA I BRUK EIN DREIEBENK.
Etter at du har sett filmen,skal du jobbe med følgjande oppgåver:

1. Gjer greie for korleis vi brukar forskjellig turtal i forhold til diameter på arbeidsstykket.

2. Gjer greie for korleis og kvifor du må stille inn dreiestålet før du startar med dreieøvinga. (Her kan du og nytte læreboka i Produksjon som oppslagsverk)

3. Skriv eit kort samandrag på engelsk av kva filmen viser, og legg vekt på å bruke dei tekniske uttrykka som kjem fram i filmen.

4. Etter kvart som de vert ferdige med oppgåva, og den er godkjent av faglærar, kan du gå i verkstaden og starte arbeidet med dreieøving 1. Du får utlevert teikning og arbeidsbeskrivelse med faglærar.

Det er sett av 2 økter på 5 timar til å jobbe med denne oppgåva innklusiv dreieøving 1.
Kompetansemåla som det skal arbeidast mot er:
Produksjon:
.....*stille inn, bruke og overvåke maskiner og enkle anlegg
.....*bearbeide materialer i henhold til arbeidsoppgaver
Engelsk:
.....*forstå og bruke et bredt generelt ordforråd og et faglig ordforråd knyttet til utdanningsprogrammet

Vurdering:
Faglærar vil gjennom observasjon og kontroll av relevante innstillingane på dreiebenken før du set i gong arbeidet med dreieøving 1 kunne fastslå om måla i læreplana er nådde. Dersom faglærar ikkje kan godkjenne dette, vil du måtte gjere oppgåva om att.









2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Eg tykkjer du har laga eit gjennomførbart undervisningsopplegg. Eg reknar med at du er tilstades hjå elevane slik at dei kan spørje undervegs. Eg forstår poenget ditt med at filmen er meir instruerande trass i at filmen er gamal.
    Eg reknar og med at elevane har vore bort i eller sett ein dreiebenk i frå før. Kanskje kunne du ha utfordra elevane til å bruke blogg når dei skal skrive oppgåva si. Design på blogg er veldig fin tykkje eg, men kanskje kunne det ha vore meir relevant å bruke noko maritimt eller mekaniske effektar eller bilete her. Du har ryddig og godt strukturert språk og innhald. Det er sakleg og relevant. Teorien du brukar knyttar du fint opp i mot dine eigne personlege meiningar. Eg tykkje du har laga ei framifrå oppgåve for elevane på bloggen din. Stå på vidare.

    SvarSlett