fredag 26. oktober 2012

REFLEKSJON KRING ARBEIDET MED BRUK AV BLOGG.
Dagens elevar i vidaregåande skule er digitale, og har lita erfaring med å bruke litteratur i bokform som oppslagsverk. Dette må vi som lærarar ta inn over oss og legge meir av vår undervising til rette for å møte elevane på deira vilkår. Gjennom forelesinga om bruk av bloggverktyet som læringsarena, ser eg at dette er ein mogeleg veg å gå, men det er eit grunnarbeid å gjere med å få laga gode og pedagogiske visuelle framstillingar basert på tilgjengeleg materiale innafor ein del av yrkesfaga.

Eg har nytta ein film frå 1941 som utgangspunkt for læringsøkta. Filmen er gamal, og vart brukt i opplæringa av mekanikarar til krigsindustrien i USA etter at dei kom med i 2.verdskrigen. Den tekniske utviklinga har endra det maskinelle utstyret, men grunnfunksjonane i sjølve arbeidet er dei samme. Nettopp på grunn av det nytta utstyret er denne filmen mykje meir instruktiv enn om ein skulle ha brukt ei moderne maskin som er så innebygd og utstyrt med tryggleiksanordningar at det hadde vore uråd å få fram dei samme poenga som det filmen så godt viser.

Gjennom tilbakemeldingar som har kome frå lærebedrifter har det vore mange som har kommentert at elevane har gode engelskkunnskapar, men at dei manglar grunnleggjande teknisk ordforråd. Sidan mange av våre elevar innafor mekaniske fag gjerne hamnar innan maritime fag, både på sjø og landsida, er dette eit problem då det er mange bedrifter som har engelsk som arbeidsspråk. Dette har endra seg spesielt på landbaserte anlegg dei siste åra då arbeidsinnvandringa har medført ein mykje meir international arbeidsstokk. At ein då kan lage tverrfaglege læringsøkter som dette, kan være med å gi elevane både eit fagleg grunnlag og kan kanskje være til inspirasjon til å jobbe meir med nettopp dei "mindre populære" allmenfaga.

Å skulle gå frå ein skule der læreboka er grunnstammen til å nytte digitale medier i undervisinga stiller ein over nye problem. Eit av dei er opphavrett til det materiale som vert brukt. Eit anna er personvernet og fara for utilsikta publisering av følsame opplysningar. Otnes (2009) tek i kapittel 1 opp dette i boka "Å være digital i alle fag". Her peikar ho på at konstruktiv kjeldebruk og plagiat ligg side om side, og overgangen er glidande. Det eine er lovleg, det andre ikkje. Grensegangen her er vanskeleg, og det krev at vi som lærarar er medvitne om dette både til eige bruk, og samstundes har eit godt undervisingsopplegg for elevane i nettopp kjeldbruk og kjeldekritikk. Ein anna ting er at vi som lærarar samstundes må kontrollere at desse "køyrereglane" om kjeldebruk vert overhaldne. Otnes refererer samstundes til den svenske forskaren Rask som råder til at ein skal la elevane publisere digitalt for at elevane då vil skjerpe seg m.o.t. kjeldebruk, og at eventuell kopiering og plagiering lettare vert avslørd.

Om ein vel å publisere tekstane, så må ein ta omsyn til kva personlege opplysningar som vert gjort kjende for det digitale samfunnet. Når ein ser meldingane i media om auken i identitetstjuveri, er det klart at ein her har ei utfordring. Men dette gjeld ikkje berre blogg, men alle digitale og sosiale medier ein knyter seg opp til. Otnes (2009) brukar ordet "nettikette" som ei samanfatting av både åtferdsreglar, høfligheit og juridiske og etiske aspekt på nettet. Ein anna ting er at det ein har publisert på nett også vil leve vidare i andre samanhenger enn det opprinneleg var tenkt til. Kva og korleis dette vil bli brukt i framtida, veit vi ingenting om. Det er og eit aspekt ein må ta høgde for når ein går til det skrittet å bruke blogg som læringsarena og let elevane bruke blogga til eventuelle kommentarar/svar på oppgåver.


I utforminga av dette refleksjonsdokumentet har eg nytta eigne erfaringar frå undervisinga mi, førelesingsnotat frå IT 307 Webtenester og Kapittel 1 frå boka "Å være digital i alle fag", Universitetsforlaget 2009, forfattarar Hildegunn Otnes m.fl.

mandag 22. oktober 2012

Første oppgåve er å lage ei undervisingsøkt der ein brukar blogg som eit sentralt læringsverkty for elevane. Dei neste dagane vil det dukke opp både videoklipp og arbeidsoppgåver i tilknyting til videofilmen som elevane skal arbeide med.

Denne opplæringsøkta skal setje eleven i stand til å ta i bruk ein dreiebenk i verkstaden. Det vert lagt vekt på trygg handsaming av eit roterande maskineri, og rett innstilling av relevante ting som turtal, dreiestål, fastspenning av arbeidsstykket, bruk av personleg verneutstyr, trygg måling av arbeidsstykket.
I mangel av nyare og betre filmmateriale, vel eg å bruke ein amerikanske film. Filmen er frå 1941, men dei grunnleggjande arbeidsoperasjonane er framleis like aktuelle.

Å TA I BRUK EIN DREIEBENK.
Etter at du har sett filmen,skal du jobbe med følgjande oppgåver:

1. Gjer greie for korleis vi brukar forskjellig turtal i forhold til diameter på arbeidsstykket.

2. Gjer greie for korleis og kvifor du må stille inn dreiestålet før du startar med dreieøvinga. (Her kan du og nytte læreboka i Produksjon som oppslagsverk)

3. Skriv eit kort samandrag på engelsk av kva filmen viser, og legg vekt på å bruke dei tekniske uttrykka som kjem fram i filmen.

4. Etter kvart som de vert ferdige med oppgåva, og den er godkjent av faglærar, kan du gå i verkstaden og starte arbeidet med dreieøving 1. Du får utlevert teikning og arbeidsbeskrivelse med faglærar.

Det er sett av 2 økter på 5 timar til å jobbe med denne oppgåva innklusiv dreieøving 1.
Kompetansemåla som det skal arbeidast mot er:
Produksjon:
.....*stille inn, bruke og overvåke maskiner og enkle anlegg
.....*bearbeide materialer i henhold til arbeidsoppgaver
Engelsk:
.....*forstå og bruke et bredt generelt ordforråd og et faglig ordforråd knyttet til utdanningsprogrammet

Vurdering:
Faglærar vil gjennom observasjon og kontroll av relevante innstillingane på dreiebenken før du set i gong arbeidet med dreieøving 1 kunne fastslå om måla i læreplana er nådde. Dersom faglærar ikkje kan godkjenne dette, vil du måtte gjere oppgåva om att.